Det nye styret bør deretter ha ei forventningsavklaring som tek for seg den einskildes vilje, evne og kapasitet.
Tidsbruk og arbeidsform er sentrale avklaringar for styrearbeidet.
Kor lenge skal styremøta vare, og er det forventningar om at ting skal gjerast mellom møta?
- Kva er den einskildes forventningar til å sitje i styret?
- Kva forventar organisasjonen/laget/medlemmane av styret?
- Kva er styreleiaren sine forventningar til styret?
- Dersom det er tilsette: Kva forventningar har vi til dei – og dei til oss?
Eit logisk neste steg er å fordele ansvar og oppgåver:
Styret har eit felles ansvar, men tydeleg (og jamn) arbeidsfordeling er viktig – både i styremøta og mellom møta. I dette steget bør det avklarast kven som har kva roller i styret.
- Er det valt kasserar, eller bør nokon få ansvar for å ha ekstra kontroll på økonomien?
- Er det valt sekretær, eller bør det peikast ut ein som fører protokoll?
- Har vi nokon som er politiattestansvarleg? Og kva med barneidrettsansvarleg?
- Skal varamedlemmar kallast inn og møte på alle møte? Dette er ikkje eit krav, men kan vere ein fordel. Hugs i så fall at desse ikkje har stemmerett med mindre nokon andre ikkje er til stades.
Lag ei fullmaktsmatrise slik at ein veit kven som kan forplikte idrettslaget.
Har styret nødvendig kompetanse, eller bør ein kontakte idrettskrinsen for eit gratis styrekurs?