Kva som skal vere ambisjonen, målet og/eller prosjektet for styret i den komande perioden, må de sjølve verte einige om.
Det kan vere nyttig å bli einige om kva de ønskjer å bli hugsa for når de overlèt stafettpinnen til det nye styret som kjem etter dykk.
Hugs at vedtaka frå årsmøtet skal danne grunnlaget for styrearbeidet, og at ein skal ha ambisjonar innanfor desse rammene.
Døme på ambisjonar:
- Vi skal arrangere den største cupen i klubbhistoria
- Vi skal verve 50 nye medlemmar
- Vi skal ruste opp idrettsanlegget vårt
- Vi skal få 10 fleire faste frivillige
Kvifor dette kan vere nyttig å verte einige om:
- Det er svært motiverande
- Det gjer det lettare å prioritere undervegs
- Det set fokus på noko konkret
Vil de ha hjelp til å lage planar eller få ei analyse av kva som fungerer godt i idrettslaget no? Vi kan hjelpe dykk med å gjennomføre det. Les meir her.