Styreleiaren har eit særskilt ansvar for å bestemme når og kor ofte det skal haldast styremøte.
I tillegg vil andre oppgåver for styreleiaren vere:
- Førebu saksliste og leie styremøta
- Førebu saker som styret skal handsame
- Gje alle styremedlemmene høve til å førebu seg før styremøtet
- Bidra til openheit og gode diskusjonar i styret, der alle deltek
- Sørgje for oppsummeringar og klare vedtak
- Sørgje for at protokoll vert skrive og at vedtak vert følgde opp
- Dersom det er tilsett dagleg leiar i organisasjonen, er styreleiaren ofte kontaktpunktet mellom styret og dagleg leiar
- Setje i gang styret si eigenevaluering undervegs
Styret må verte einige om korleis dei skal fordele oppgåvene. Styreleiaren skal ikkje gjere alt. Her kjem delegering inn i biletet.
Du som styreleiar kan med fordel skaffe deg oversikt over kva det enkelte styremedlem er god på eller interessert i. Både menneskelege og faglege kvalitetar, samt kapasitet og interessefelt, er nyttige ting å kartleggje i styrerommet. På den måten kan styreleiaren enklare delegere oppgåver, og styremedlemmene er betre rusta med gode føresetnader for å bidra og levere. Dette resulterer svært ofte i at styrearbeidet opplevast som meiningsfullt, og at den enkelte kjenner eigarskap til det ein gjer.