8 tips til det nye styret

Her er åtte konkrete tips til det nye styret

1. Sikre ei god konstituering av styret

1. Sikre ei god konstituering av styret

Det første møtet er eit viktig grunnlag for den komande styreperioden. Her har vi samla nokre konkrete tips til god konstituering.

Les meir
2. Bli samde om køyrereglar

2. Bli samde om køyrereglar

Vi tilrår å bruke tid på å verte samde om nokre enkle, praktiske køyre­reglar.

Les meir
3. Deleger oppgåver

3. Deleger oppgåver

Ingen kan gjere alt aleine, så fordeling av oppgåver er viktig. Det fører òg gjerne til meir eigarskap hos dei andre styremedlemmene.

Les meir
4. Legg til rette for gode styremøte

4. Legg til rette for gode styremøte

Kva som er eit godt styremøte varierer frå situasjon til situasjon, men uansett finst det nokre gjengangarar for å få til effektive og konstruktive styremøte.

Les meir
5. Gjer ei vurdering av habilitet på kvart styremøte

5. Gjer ei vurdering av habilitet på kvart styremøte

Det er viktig at styret har truverd, og då må ein gjere det til ein rutine å vurdere habilitet i enkeltsaker.

Les meir
6. Lag felles mål

6. Lag felles mål

Lag felles mål og ambisjonar for styret i den komande perioden. Kva skal styret bli hugsa for når ein overlèt stafettpinnen til det nye styret ved neste årsmøte?

Les meir
7. Set opp eit årshjul

7. Set opp eit årshjul

Set opp eit årshjul som er tilgjengeleg for alle, då veit ein kva som skjer når. Idrettsforbundet har eit gratis verktøy de kan bruke.

Les alt om verktøyet her
8. Ha det kjekt!

8. Ha det kjekt!

Eit godt styre er kjenneteikna av motiverte, kompetente og ansvarlege medlemmar som jobbar saman som eitt lag, og som arbeider for alle medlemmane og det beste for organisasjonen. Som trivst og har det kjekt.