Illustrasjon: BHK Idrettshall AS
Illustrasjon: BHK Idrettshall AS

No er det bestemt – i januar 2027 flyttar Nordland idrettskrets frå Aspmyra!

Etter 25 fine år på Aspmyra, går vi no inn i ei ny tid.

Om litt over eit år er det slutt på Aspmyra-eventyret, og vi gler oss til å ta fatt på kvardagen i heilt nye lokale i Bodø handballklubb sin flunkande nye hall på Stormyra. For mange av oss blir dette ei vemodig flytting – vi har hatt det godt på Aspmyra – men samstundes er det spanande å sjå framover og gle seg til å flytte inn i nye, moderne lokale.

Bodø handballklubb (BHK) og Nordland idrettskrets har signert ein leigeavtale for dei neste ti åra. Men det er ikkje berre idrettskretsen som flyttar inn i det nye Idrettshuset på Stormyra. Kompetansesenteret for paraidrett, som kretsen og BHK har samarbeidd om å etablere, blir sjølvsagt med på flyttelasset. I tillegg kjem Bodø idrettsråd, Bedriftsidretten, Skikrinsen, og Gym og turn inn under same tak.

Vi ser fram til å flytte Idrettshuset frå Aspmyra til Stormyra, og ønskjer alle velkomne til å ta del i det nye idrettsmiljøet!