Illustrasjonsfoto: Eirik Førde
Illustrasjonsfoto: Eirik Førde

Mobbing

Korleis skal du som trenar/leiar forholde deg til mobbing? Korleis ta tak i ein mobbesituasjon?

Kva er mobbing?
Mobbing er ei negativ handling frå ein eller fleire, retta mot ein annan. Denne negative handlinga blir gjenteken, går føre seg over tid, og kan på denne måten bli ei systematisk krenking. Det er den som vert mobba som har rett til å definere om ein har blitt utsett for ei krenking, og det er trenarar og leiarar sitt ansvar å ta denne opplevinga på alvor.

Norges idrettsforbund har laga råd og tips på korleis du som trenar eller leiar skal forholde deg til mobbing og korleis du skal ta tak i ein mobbesituasjon.

  • Mobbing kan skje over alt, også i din klubb, også når du ikkje legg merke til det.
  • Når du ser  eller får vite om mobbing, skal du reagere.
  • Du kan ikkje vere nøytral til mobbing: Om du ikkje reagerer når du ser det, så bidreg du til mobbinga.
  • Sei tydeleg til utøvarane dine at mobbing ikkje er akseptert i idretten.
  • Utøvarane dine skal kjenne seg trygge på at dei kan ta opp mobbing med deg som trenar/leiar.
  • Trenarar og leiarar kan også mobbe utøvarar og kvarandre.
  • Diskuter med dei andre trenarane og leiarane i laget/klubben korleis de kan førebygge mobbing.

Idretten skal ha nulltoleranse for mobbing. Det betyr at du som trenar/leiar skal reagere med ein gong du ser eller får vite om mobbing. Du har også eit ansvar for at mobbing ikkje skjer i laget/klubben/gruppa di utan at du merkar det.

Det følgjande er ein rådgjevande mal for korleis du kan ta opp konkrete tilfelle av mobbing i laget/klubben. Den er ein forenkla versjon av mal for rektorar og tilsette i grunnskulen, henta frå Utdanningsdirektoratet sitt hefte ”Arbeid mot mobbing”.

  1. Ta tak i mobbesituasjonen med ein gong du vert merksam på den!
  2. Snakk med den som er plaga, for å skaffe informasjon og gje støtte. Hugs at den som er mobba som regel underdriv.
  3. Om det gjeld born: Snakk med foreldra til den som er plaga.
  4. Snakk med den som mobbar. Om det er fleire som mobbar, snakk med dei éin om gongen. Sei frå at mobbing er uakseptabelt og må stogge straks. Sei frå at du kjem til å ta ein ny samtale om 2-4 veker, slik at du er tydeleg på at dette vert følgt opp frå di side.
  5. Oppfølging. Mobbesituasjonen må følgjast opp til han stoggar heilt.
  6. Søk råd og hjelp om du kjenner du treng det. Snakk gjerne med lærarar eller rektor på skulen/skulane utøvarane går på.

Fysisk mobbing gjennom til dømes å slå, sparke, lugge, spytte, dytte eller øydeleggje eigendelar til den som blir mobba

Verbal mobbing gjennom til dømes å seie nedlatande eller krenkjande ting om offeret, true, spreie usanne rykte, eller bruke krenkjande og grove ord

Psykisk mobbing gjennom til dømes ryktespreiing, manipulering og utestenging.

Telefon- eller teknologimobbing gjennom til dømes krenkjande eller truande tekstmeldingar eller kommentarar på internett, ryktespreiing via internett, spreiing av private eller intime bilete

”Mobbing med mobiltelefon” (NDLA/NRK)
Meir enn kvar fjerde 15-åring er redd for å bli fotografert i dusj, garderobe eller liknande. Denne filmen frå NRK på ca 6 minutt med tilhøyrande oppgåver utarbeidd av NDLA er eit godt utgangspunkt for refleksjon rundt liknande mobbesituasjonar i idrettslag.
http://ndla.no/nn/node/8130

”I gutegarderoben” (NDLA)
Oppgåve frå NDLA sine elektroniske læremiddel for barne- og ungdomsarbeidarfag i vidaregåande skule. Oppgåva gjeld mobbing med mobiltelefon i garderobe og kan lett overførast til situasjonen i eit idrettslag.
http://ndla.no/nn/node/77741

NDLA: Kva er mobbing?
Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eit nettbasert læremiddel for vidaregåande skule. Her er ein kortfatta fagartikkel om mobbing og lekkje til http://ndla.no/nn/node/23857

Utdanningsdirektoratet: Rettleiar for tilsette og leiarar i grunnskulen
Utdanningsdirektoratet har laga ein eigen rettleiar for tilsette og leiarar i grunnskulen for å hjelpe dei i arbeidet mot mobbing. Rettleiaren er kort og konsis, og til god hjelp også for deg som trenar eller leiar i idretten.
http://www.udir.no/Laringsmiljo/Arbeid-mot-mobbing/

Ung.no om mobbing
Ung.no er det offentlege sin informasjonskanal for ungdom, og redaksjonen ligg i Barne- ungdoms- og familiedirektoratet. På desse sidene er det mange artiklar for ungdom om mobbing, både faktaartiklar, tips og råd, og høve til å kome med eigne spørsmål til redaksjonen.
http://www.ung.no/mobbing/

Barneombudet om mobbing 
Faktaside tilpassa barn og ungdom.
http://barneombudet.no/?s=mobbing

Faktaside frå Foreldreutvalet for grunnskulen.
Tilpassa foreldre. http://www.fug.no/mobbing.141889.no.html