25
apr
2024

Nytt styrekurs

Arrangør: Vestland idrettskrets
Sted: Microsoft Teams
Start: 25.04.2024 19:00
Slutt: 25.04.2024 21:00

Kurset gir deltakarane grunnleggande forståing for kva som er styret sitt ansvar og arbeidsområde, og kva det vil sei å vere tillitsvalt i eit idrettslag.

Lenke til Microsoft Teams, digitalt kurs: Trykk her for å delta. 

Du blir kjent med dei viktigaste lovene og reglane som idrettslaget må forhalde seg til, du får tips om gode verkty for drift av idrettslaget og eit overordna blikk på økonomi. Uansett om du er ny eller har mange år bak deg kan eit styrekurs vere med å gjere kvardagen enklare i idrettslaget.

Målgruppe:Hovudstyret, gruppestyra, administrasjon (dagleg leiar), sportslege leiarar/sportsleg utval, valkomitéen, andre tillitsvalte

Tentativ tidsbruk:
1900-2000 - Lover og regler
2000-2030 - Økonomi
2030-2100 - Drift av direttslaget

Pauser og involvering av deltakarar undervegs i kurset. Deltakarane får og ein sjekkliste de kan jobbe med etter kurset.

Kurset vil foregå på Microsoft Teams. Du vil få lenke til det digitale kurset på e-post samme dag som kurset avholdes.

Kurslærer: Kristiane Utheim Brown, kursholder i Vestland idrettskrets
Pris: Gratis